Glutenfrie kanelbollar

20140227-163146.jpg

20140227-163156.jpg

Sidan oppskrifta på bollane var så pass god har eg forsøkt å lage kanelbollar av den også. Trikse for å lage gode kanelbollar er å drite i EU-direktivet om lovleg mengde kanel per bolle, å heller berre dryle på med så mykje som mogleg. Meir er betre! Det gjeld sukker også. Spesielt i glutenfri mat. Det var det første Anna lærte meg.

75g kokosmel, 60 g finmalte sesamfrø, ½ ts bakepulver, 1-2 ts kardemomme, 1-2 ss fiberhusk, 1-2 ss sukrin, 1 ts tørrgjær, 1 dl lunka vatn, 1 ts honning, 4 egg, 5 ss olje eller smelta smør, kanel og sukker.

1 rør ut gjær i vatn med honning.

2 bland alt det tørre i ein eigen bolle.

3 pisk saman egg og olje med ein gaffel.

4 bland alt godt saman

5 la deiga svelle i 10 minutt

6 legg deiga på eit bakepapir som er smurt med litt olje. Legg eit nytt bakepapir over deiga å kjevl ut.

7 pensl litt egg på deiga før du har på kanel og sukker

8 rull saman deiga før du skjerer den opp i 1-2 cm tjukke skiver. Legg dei på ei steikeplate med bakepapir å trykk dei litt flate.

7 steikast på 180 grader i 20-25 minutt

Glutenfrie sjokoladekjeks med mandlar

20140227-110843.jpg

20140227-110829.jpg

SERIØST GODE KJEKS! Desse skal eg ete kvar dag til den dagen eg dør.

30-40 kjeks: 60 g smør, 90 g sukrin, 2 egg, 1 ts vaniljeekstrakt, 90 g kokosmel, 60 g mandelmel, 1 ts bakepulver, 50 g mørk sjokolade (hakka), 1 neve hakka mandlar.

1 Rør smør og sukrin kvitt. Tilsett egg.

2 Bland inn alt det tørre. Vend inn sjokolade og nøtter til slutt.

3 Form deiga til kuler (om lag 1 ts per kule), som du trykkjer flate på eit steikebrett med bakepapir

4 Steikast på 170 grader i 10-20 minutt

5 Avkjølast på brett.

Glutenfrie bollar

20140227-160721.jpg

20140227-160738.jpg

Ja, så var den kremen da.. Uansett, her er oppskrifta på bollane vertfall:

8-10 stykk: 75g kokosmel, 60 g finmalte sesamfrø (kan sikkert bruke sesammel også), ½ ts bakepulver, 1-2 ts kardemomme, 1-2 ss fiberhusk, 1-2 ss sukrin, 1 ts tørrgjær, 1 dl lunka vatn, 1 ts honning, 4 egg, 5 ss olje eller smelta smør.

1 rør ut gjær i vatn med honning.

2 bland alt det tørre i ein eigen bolle.

3 pisk saman egg og olje med ein gaffel.

4 bland alt godt saman

5 la deiga svelle i 10 minutt

6 form deiga til bollar (deiga er ganske klissete, så det lønnar seg å fukte henda med litt kaldt vatn) pensl bollane med egg.

7 steikast på 180 grader i 20-25 minutt

8 fyll med piska krem (laga med EKTE kremfløte)