Meg, meg, meg

Eg tenkte eg skulle legge ut nokre bilete av meg. Mest fordi eg ikkje har så mange bilete av meg, nest mest fordi eg synst dei er fine. Eg har lova Fiona at eg ikkje skal legge ut bilete av andre folk enn meg sjølv sidan dei ikkje heilt veit kva dei skal gjere med bileta enda. Så her er bilete av meg. Det er tross alt min blogg. Dei er tatt av Jan Ivar Vik som er ein skikkeleg flink bryllaupsfotograf.

VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0047 VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0065 VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0067 VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0068

Så lurer eg meg til å legge ut eit bilete av sjokoladekakeland.

VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0075

Og eit bilete av meg og Fiona.

VIKfoto-Bryllup-Fiona-og-Stian-0278

Håpar dette går greit, Fi?

Quinoagraut

No skjer det! I morgon er det bryllaup! Eg gler meg så utruleg mykje. Eg har lada opp fredagen med trening og quinoagraut. Oppskrifta har eg henta frå denne boka.

DSCF4419

Du treng:

1 dl ferdigkokt quinoa

2 ss glutenfritt havregryn

1 dl laktosefri mjølk

(evt ei klype salt).

  1. Ha quinoa, havregryn og mjølk i ei gryte. Kok det opp til mjølka er vekke og du har fått ein fin konsistens.
  2. Et med kanel, blåbær, banan og nøtter til.

 

Bra frukost!

Glutenfrie quinoabrød

Eg har tenkt mykje på om eg også skal prøve lav FODMAP-dietten for å sjå om eg kan verte betre i magen. Er ganske usikker på om det er noko som er lurt av meg å gjere, sidan eg allereie har eit ganske strengt kosthold med cøliakien. Samtidig har eg kutta ut alle dei tinga som er verst allereie, så det er liksom ikkje så mykje igjen før eg er der: bortsett frå alt som har med lauk å gjere, avokado, produkt med mykje laktose og blomkål. Det trur eg vil vere det verste. Ja, så kan eg ikkje drikke pepsi max heller.

Eg er framleis i tenkeboksa om det vil vere verdt det. Eg har derfor testa ut ei oppskrift (som eg sjølvsagt har laga min eigen vri på. Skal ein vere matbloggar, så skal ein vere matbloggar). Originaloppskrifta kan du finne her.

SONY DSC

Eg brukte: 2 dl quinoa (kokt), 1,5 dl glutenfritt havregryn, 2 ss chiafrø, 1 ts fiberhusk, ein liten neve graskarkjernar, ein liten neve linfrø, ein liten neve sesamfrø og 6 ss cottage cheese.

  1. Sett omen på 200 grader
  2. Ha alt det tørre i ein bolle. Tilsett quinoa og cottage cheese. Bland godt.
  3. La det svelle i 10 minutt.
  4. Ha bakepapir på ei plate. Lag små kuler av deiga som du trykker flate på bakepapiret. Det skal verte 8-10 stykk.
  5. Steik i omen i 10-15 minutt.