Glutenfrie Kikertlefser

20140219-151053.jpg

20140219-151104.jpg

Kikertlefser smakar litt rart, så trikse er å dryle på med krydder slik at ein ikkje merkar det. Dette er andre gongen eg prøver å lage kikertlefser, å denne oppskrifta er mykje enklare enn den førre.

Til ein person treng du:

Kikertlefser (2 stk):  1 ½- 2 dl vatn, 1 dl kikertmel, 1 ts fiberhusk, 1 ts kvitlaukpulver, 1 ts spisskummen, 1 ts chilipulver, 1 ts paprikapulver, ½ ts kajennepepar, litt oregano, salt og pepar.

1. Bland først saman alt det tørre. Deretter tilsett du vatn. Bland litt og litt inn om gangen for å røre ut klumpane. Den skal vere litt rennande (fiberhusken vil suge til seg mykje vatn).

2. La røra stå i minst ti minutt.

3. Steik lefsene på høg varme i ei steikepanne (slik som du villa steikt ei pannekake).  NB: dei treng litt lenger tid enn vanlege pannekaker! Når det byrjar å boble/bli stift på toppen er det berre å snu dei.

Du burde sjølvsagt ha noko PÅ kikertlefsene. Eg prøvde følgjande:

½  kyllingfilet (du kan sjølvsagt bruke ein heil om du er av typen som vil ha sjukt mykje kjøtt), ½ ss smør, ½ ts kvitlauk frå gourmet garden, pluss litt salt og pepar.

Eg reknar med at du kan å steike ein kylling.. Bland smør og kvitlauk som du smørar over kyllingen før den steikast.

På kikertlefsene: babyspinat, reddik, paprika, avokado, lettrømme og litt raud pesto.

20140219-151114.jpg

Kikertlefser er forresten veldig mektig. Litt mett!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s