Glutenfri blomkålpizza med parmesan, salat og valnøttdressing

Etter mykje prøving og feiling, har eg endeleg klart å lage ein skikkeleg god blomkålspizza. Dette er nok til å lage ein stor porsjonspizza. Start først med å lage tomatsaus:

Du treng: 400g hermetisk tomat, 1 fedd kvitlauk, 1 ts finhakka basilikum, salt og pepar.

  1. Ha dei hermetiske tomatane i eit dørslag. La det stå å renne i om lag 1 time.
  2. Tilsett eit fedd kvitlauk (finhakka) og basilikum, salt og pepar.

DSCF2071

Pizzabotn: 1 blomkålshovud, 1 egg, 30-40g parmesan, 3-6 ss potetmel, salt og pepar.

  1. Kutt blomkål i bitar. Ha dei i ein foodprosessor. Kutt opp blomkålen til det ser ut som ”ris”. Om der er nokon bitar igjen, så gjer ikkje det noko.
  2. Ha blomkålen i mikrobølgjeomnen i 6-8 minutt.
  3. La blomkålen bli litt kaldare. Tilsett egg, parmesan, potetmel, salt og pepar. Bland godt.
  4. Smør blandinga på eit steikebrett med bakepapir. Prøv å få det så tynt som mogeleg. Steik det i omnen på 210 grader i om lag 20 minutt. Pass på så det ikkje blir brent.
  5. Hell over tomatsaus og tilsett ost på toppen. Steikast i om lag 10 minutt til (til osten har smelta).

Valnøttdressing: ein neve valnøtter, 2 ts balsamicoeddik, 2 ss olivenolje.

  1. Hakk valnøtter i små bitar
  2. Tilsett balsamicoeddik og olivenolje.
  3. Ha salat, avokado, parmesan og valnøttdressing over pizzaen.

DSCF2059

One thought on “Glutenfri blomkålpizza med parmesan, salat og valnøttdressing

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s