Glutenfrie søtpotetlomper

DSCF3273DSCF3281

Eg har lenge tenkt at eg burde teste ut søtpotetlomper, men det har liksom aldri blitt noko av – før no da. Eg er veldig positivt overraska! Desse skal eg lage igjen. Litt synd at eg hadde litt for høg temperatur på omen. No har eg vertfall lært det til neste gong.

Eg brukte: 2 små/medium søtpoteter, 7 ss bokkveite, 7 ss maismel (pluss maismel til å bake ut lompene), salt.

DSCF3277

  1. Del søtpoteta i mindre bitar og bak den i omnen. Deretter mosar du den saman til ein søtpotetpurre. Du kan også ha søtpoteta i mikrobølgjeomnen om du har litt dårleg tid.
  2. Tilsett salt.
  3. Tilsett mel. Start med litt om gongen. Dess mindre mel du brukar, dess betre blir lompene. Prøv deg fram. Eg brukte 7 ss av kvar melsort før eg starta å bake ut. Form deiga til ei pølse, som du deretter delar opp i like store delar.
  4. Bruk mykje mel når du skal bake ut. Eg baka ut med maismel. Ha klumpen med deig på eit bakepapir med maismel på. Trykk den litt flat og snu den slik at det kjem godt med mel på begge sider. Legg eit nytt bakepapir over deiga og kjevl ut.
  5. Steikast på medium varme i ei tørr steikepanne. Ha den lompa i eit kjøkkenhandkle når den er ferdig, så held den seg mjuk.

DSCF3287

Fyll: Raud pesto, guacomole, parmesan, babyspinat, agurk og paprika.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s