Glutenfrie grønsaksvaflar

Det er på tide at eg bloggar litt om mat igjen. Sidan eg framleis ligg i sjukesenga har eg laga meg ein stor porsjon grønsaksvaflar som eg kan ha til både frukost, lunsj og middag. Det finaste med grønsaksvaflar er sjølvsagt at du kan bruke akkurat det du vil eller har i kjølesakpet frå før. Altså er det den perfekte restematen om du har grønsaker som held på å verte dårlege eller som du har problem med å ete opp. Dessutan smakar dei godt dagen etterpå også – altså bra mat til nistepakken.

DSCF4282

Eg brukte: 750g gulrøter, 10 medium poteter, 1 squash, 1 brokkoli, 2 pakkar med baby leaf, 3 ss olivenolje, 2 egg, rismjøl og krydder.

DSCF4287

  1. Skrell potetene og gulrøtene. Bruk anten rasp eller ei kjøkkenmaskin til å raspe opp grønsakene. (Sidan eg har både brokkoli og salat brukte eg ei kjøkkenmaskin).
  2. Ha alle grønsakane saman. Du kan anten legge dei i ei sil å vente i 30 minuttar slik at mesteparten av vatne renn av. Alternativ to (som eg gjekk for) er å blande mjøl i røra slik at den vert fast. Eg brukte rismjøl, men ein kan sjølvsagt bruke den mjøltypen ein ynskjer. Bland i egg og olivenolje. Blandinga skal vere ganske fast.
  3. Tilsett krydder, salt og pepar om du ynskjer det.
  4. Steik blandinga i eit vaffeljern til den har fått farge.

DSCF4295

Grønsaksvaflane har ikkje så veldig mykje smak. Ein kan derfor bruke dei til nesten alt. I tillegg kan ein tilsette det ein vil av krydder og slikt. Eg har testa ut kvitlauk og chilipepar til taco-vaflar. Det burde du prøve! Om du vil ha dei heilt enkle slik som i oppskrifta, så smakar dei best med ost.

2 thoughts on “Glutenfrie grønsaksvaflar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s